|
Velkomen til sportsfiske i Gloppen!
Gloppen er den største jordbrukskommunen i Sogn og Fjordane, og vi ligg midt i Nordfjord i Sogn og Fjordane. Vi er ein del av "The Fjords" som vart kåra til verdens beste reisemål i 2003. Sandane er kommunesenteret, i tillegg har vi tettstadar på Byrkjelo og den fantastiske Votedalselva, Reed og Hyen. Både Sandane, Byrkjelo og Reed ligg langs E39. Hyen ligg langs RV 615.
Gloppen er eit funn for sportsfiske
Aure i meir enn 130 fjellvatn, laks i sprudlande elvar og fiskerik fjord lokkar på sportsfiskarar i alle variantar. I elvar og vatn omkring kan ein drive sportsfiske mot ei rimeleg avgift. Fiskekort får ein kjøpt nær sagt "over alt". Andre aktivitetar, opplevelsar og tilbod, sjå våre heimesider for Gloppeneventyret.
Registrerte brukere kan redigere denne teksten. Logg inn eller registrer deg.
Les mer om Syntax og Retningslinjer
Oppdateringar
|
Fin fangst frå Veslevatnet
Kommentarar: 0
Blei lasta opp:
15.06.09 - 14:23
Fotograf:
andreas
Fisken tok på makk i osen på austsida av vatnet. Tre av aurane var synleg raude i kjøtet.
Karakter:
Avventar stemmer
Logg inn for å avgi stemme
|
|
Kommentarar: 0
Blei lasta opp:
15.06.09 - 14:22
Fotograf:
andreas
Karakter:
Avventar stemmer
Logg inn for å avgi stemme
|
|
Kommentarar: 0
Blei lasta opp:
15.06.09 - 14:22
Fotograf:
andreas
Karakter:
Avventar stemmer
Logg inn for å avgi stemme
|
"Utfiskinga i Høgredalen vil skje i form av garnfiske. Tvilar sterkt på om not er eit alternativ der oppe då der er så mykje stein i vatnet. Vi har tatt ut 256 fisk til no med ei snittvekt på 123gr. Har brukt 24 omfar garn til no, noko vi har funne ut er for stort. Fiskelaget har difor kjøpt in [..]"
"Kommentar til Ornbird sin observasjon av flyte/HC-brygge. Dette var eit prosjekt starta av bl.a. underteikna. Det var eit samarbeidsprosjekt mellom GJFL, Gloppen Kommune og Fitje Sameige. Men som som så ofte før - i slike prosjekt - så renn det heile ut i sanden - med nye folk i leiinga (GJFL). [..]"
"Ja, Veslevatnet er på gong. Til no i år har vi tatt 8 kast med nota. Fangsten solangt er på 860 fisk. Torsdagen som ornbird var med var prega av eit stort hol i nota og store mengder med "drit" i nota som gjorde til at toppen gjekk under og vips... Men uansett har eg veldig god trua på vatnet.
[..]"
"Det høyrest veldig bra ut :) Eg var ein tur i Veslevatnet søndag kveld, og fekk tre fine på rappen. Både kondisjon og storleik var meir enn godkjent, og to av dei var lyseraude i kjøtet. Skal legge ut nokre bilete i løpet av dei neste dagane!
Skal bli spennande å sjå korleis det blir i Hà [..]"
"Var opp i Veslevatnet og hjelpte til med kastinga torsdag 28.05. Eg må seie kvaliteten på fisken har tatt seg opp! No har Sandane/m.omegn fått eit flott fiskevatn innan kort reiseavstand. La merke til at der låg utstyr for at også funksjonshemma kan nytte vatnet som rekreasjonsstad. Veldig bra. [..]"
25.05.09 - 12:56 Kultivering, Utfisking
Utfiskinga i Veslevatnet i Bukta er igong igjen. Etter det sf.nu har erfart so er det bra (om ikkje beire) kvalitet på fisken i år også. Innsatsen til desse ildsjelene gjer at Veslevatnet er i ferd med å bli eit veldig attraktivt fiskevatn, med veldig god tilgjengeleghet.
Oppdatering: Jens nemner i kveld at so langt i år har ein allereie fiska opp 760 stk. Bra innsats!
|
"Osen på Heimseta e bra tidleg på året! Eg pleie å fiske med makk der, men blank spesial har fungert bra og. Fisken på bilete tok på makk i nemnte os, heilt oppe i straumen. Det var tidleg i juni :)"
"HOJHOJHOJ.... Smålubben fisk det der. Kar og på kva fekk du den?
Sist laurdag va eg å prøvde osen i Heimseta, fekk ørretar, største var kring 3 hg. Grei start på sesongen. Men hadde nok vore betre med makk? Alle tok på ei svart aura classic. "
21.12.08 - 14:00 Politikk, Vassdragsvern
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane frarår NVE å bygge ut Sandalsfossen. Les meir her:
|
"Det er fin fisk i begge desse pyttane, aure og røyr. Forøvrig litt kjipt at det er so mykje smårøyr i sjølve vatnet. Det har jo blitt lagt ned ein del arbeid i utfisking her opp gjennom åra."
|
Tjønnene nedanfor vatnet.
Kommentarar: 1
Blei lasta opp:
07.09.08 - 19:53
Fotograf:
ornbird
Disse tjønnene ligg ca 300m frå sjølve vatnet. Såg ikkje noke aktivitet i disse. Er der fisk i det heile?
Karakter:
Avventar stemmer
Logg inn for å avgi stemme
|
|
Røye på Oset
Kommentarar: 0
Blei lasta opp:
07.09.08 - 19:46
Fotograf:
ornbird
Tok bildet akkurat på brekket på utoset. Vannvittige mengder med smårøye samla.
Karakter:
Avventar stemmer
Logg inn for å avgi stemme
|
"Var i Sagefossen på fredag (heromdajen 29?)..lite vatn då og - lavt vatn i Storefjorden. Lite å få - men "store" sprett midtfjords (altså uttafor land-rekkevidde)... sesong no(prøver igjen) "
22.08.08 - 22:16 Prosjekt
Dei siste dagane har eg rulla ut nokre nye oppdateringar. Først og fremst har eg fått på plass ei ny landsdekkande framside som syner oppdateringar frå heile landet (bilete, artiklar, osv). I tillegg til dette har eg også lagt inn veirvarsel (timevarsel) for kvar enkelt innsjø. Det kjem meir ny funksjonalitet etterkvart!
|
28.07.08 - 16:16
For dei som lika å fiske i fjorden, so kan eg avsløre at det er ganske mykje sild i fjorden no, og den er lett å få. Det følgjer også med ein del fin makrell og stor sei rundt stimane. So det er berre å komme seg ut i båten og fiske!
|
|
02.06.08 - 09:51 Innsjø, Kultivering, Politikk, Prosjekt, Utfisking
|
|
22.04.08 - 10:18 Fisketur
|
06.03.08 - 09:32 Innsjø, Kultivering, Prosjekt, Vassdragsvern
Firda Tident skriv: "På vegner av grunneigarar på garden Eikenes på Hestenesøyra har Bjørn Kåre Eikenes teke eit spesielt initiativ. Han har starta ein søknadsprosess som kan munne ut i at det vert bygd eit kunstig vatn, eller ei tjørn, om lag 500 meter søraust for Eikenesstøylen".
Eikenesstøylen ligg på eit platå i fjellsida under Eikeneshesten, med store myrflater (sjå kart her).
I same slengen kan ein og nemne at grunneigarar på Hestenesøyra har slått seg saman for å legge Storelva i røyr.
|
14.02.08 - 18:36
NJFF hadde som vanleg stelt til eit flott fiskeseminar i Førde. Det var kjekt å delta, og stemninga virka for å være god og det kom mange interessante innspel den korte tida eg var der. Presentasjonane frå seminaret finn ein på NJFF S&F si heimeside, inkludert presentasjonen min.
|
03.02.08 - 12:18 Prosjekt, Vassdragsvern
NRK Sogn og Fjordane skriv at fylkesutvalet tilrår bygging av småkraftverk i Breidalen, trass i at dette vassdraget er verna under verneplan IV (meir informasjon hos NVE).
Denne utbygginga er også noko kontroversiell grunna ei tett knytting til påstått planlagt næringsutvikling og tilrettelegging for turisme og funksjonshemma.
Fleire saksdokument finn ein i Gloppen kommune sitt arkiv.
|
Fleire artiklar i arkivet »
|
|
|